Stranda Alpin har ca 80 medlemmer. Dette er både born og vaksne, bredde og aktive. Det blir ikkje krevd startkontingent eller treningsavgift for å delta på aktivitetane i alpingruppa, og vi får stort sett positive tilbakemeldingar frå foreldre på at dei må være med å legge grunnlaget for dette gjennom å stille på vakter i kiosken og som funksjonærar når vi arrangerer skirenn. Mange av medlemmane har lagt ned svært stor dugnadsinnsats i drifta av kiosken, egne arrangement og i å trene dei aktive gjennom sesongen.
I vintersesongen har vi trening tre kveldar i veka, skileik ein gong i veka, breddegruppa to gonger i veka medan aktivgruppa har trent tre gonger i veka. Barmarkstrening foregår i Strandahallen og på Stranda Treningssenter på hausten.
Alpingruppa arrangere årlege kretsrenn i slalåm og storslalåm. Stranda Cup blir arrangert i tradisjonell form. Vi arrangerer Minialperittet, og er delaktig i gjennomføringa av NM i møbelaking. Bjarne Solbakken Cup er eit landsrenn som blir gjennomført av Bjarne Solbakken, Solbakkens Venner og Stranda Alpin. I påska arrangerer vi også klubbmesterskap. I sesongen 09/10 hadde vi ca 1000 deltakarar på våre arrangement i Hevsdalen. Gjennom våre arrangement er Stranda Alpin en viktig bidragsytar til aktivitetar for barn og ungdom på Strandafjellet. Dette er også et overordna mål for Stranda Alpin i framtida.
Styret 2010//2011
| Leiar: | Jens Forbord | Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen |
| Sponsoransvarlig: | Ove Aarseth | Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen |
| Kasserer: | Jørund Hagen | |
| Materialansvaleg: | Rolf Even Rønneberg | rolfeven Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen |
| Foreldregruppe: | Gro Anita Rjånes |
Sist oppdatert (mandag 05. desember 2011 20:29)



